Tre restaurantarPå eit moderne fjellhotell tykkjer me du skal kunna ha det godt. Pass på så du ikkje et deg mett i varmestova ute, for inne ventar tre restaurantar med noko for alle!
Nyt gode vinar og kortreist, velsmakande mat i vår hovedrestaurant Nuten. Nyt ein velsmakande italiensk pizza eller pasta i Restaurant Tunet. Glad i fondue? Restaurant Nuten har eige fondueavdeling der me skreddarsyr ei spennande og sosial matoppleving for deg og dine vener. Denne åpner våren 2013. Ynskjer du å ta med pizzaen heim eller på hytta? Me tilbyr take away i Restaurant Tunet.
I periodar og i helger vil hotellet tilby Myrkdalen Hotel sin 3 rettars middag som dagens middag for gjester med mat inkludert.
Menyar i pdf-format: Meny Restaurant Tunet | Take Away Pizza
Lobbybar og afterskiNår du spenner av deg skiutstyret etter ein lang dag i bakken – inviterer me på afterski i Pudder After Ski!
Seinare på kvelden blir Salto Lobby Bar i fyrste etasje ein hyggeleg samlingsstad der du kan synka ned i dei mjuke stolane og henta nye krefter til morgondagen.
Afterskibuss
laurdag kveld heile sesongen
Frå Myrkdalen kl 18.45 Ankomst Voss Stasjon kl 19.30
Tog til Bergen kl 19.37 Ankomst Bergen kl 20.54