Er de mange? Hjå oss kan de bu saman! Og treng nokon av dykk ekstra god plass, har me heile 7 elegante suiter å velja mellom. Eller kanskje ønskjer de rom med gjennomgang – det ordnar me også.
For familiar har me eit stort antal rom der sofaen lett kan gjerast om til ein ekstra sengeplass. Ja, me har til og med noko så utradisjonelt som rom med elegante køyesenger – berre spør når du bestiller plass. Same kva romtype du vel, får du eit eksklusivt hotellrom av internasjonal standard med overflater av eik, kombinert med brune, beige og grå fargetonar – behageleg og lekkert. Når du tek turen opp til rommet vil du fort sjå at fleire etasjar er heilt ulike i val av fargar og material – dette er slik me likar det. Variert og annleis, akkurat som naturen ute.
Hotellet har 24 handicaprom og er i stor grad tilpassa rørslehemma. Skiskulen tilbyr også instruksjon i sitski.
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.