Rom og suiter

16. november 2012 opna storsatsinga Myrkdalen Hotel i Voss Fjellandsby. Hotellet blir "navet" i Voss Fjellandsby og har 112 flotte rom i ulike storleikar, til saman 350 senger. Største suite er på 100m2 og har 10 sengeplassar.

Skianlegget ligg like utanfor døra, ski inn-ski ut og sjølvsagt får du fantastisk utsikt over Myrkdalen eller mot skianlegget.

Fleksible romløysingar

Er de mange? Hjå oss kan de bu saman! Og treng nokon av dykk ekstra god plass, har me 7 elegante suiter å velja mellom. Eller kanskje ønskjer de rom med gjennomgang – det ordnar me også.
For familiar har me eit stort antal rom der sofaen lett kan gjerast om til ein ekstra sengeplass. Ja, me har til og med noko så utradisjonelt som rom med elegante køyesenger – berre spør når du bestiller plass. Same kva romtype du vel, får du eit eksklusivt hotellrom av internasjonal standard med overflater av eik, kombinert med brune, beige og grå fargetonar – behageleg og lekkert. Når du tek turen opp til rommet vil du fort sjå at fleire etasjar er heilt ulike i val av fargar og material – dette er slik me likar det. Variert og annleis, akkurat som naturen ute.

Hotellet har 24 handicaprom og er i stor grad tilpassa bevegelsehemma. Skiskulen tilbyr også instruksjon i sitski.

Send gjerne ein e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. for spørsmål om ledige rom, eller ring +47 56 52 30 40.


rom IMG 4129
FaLang translation system by Faboba