• vtem skitter

    Vinteraktivetar (10)

  • vtem skitter

    Vinteraktivetar (9)

  • vtem skitter

    Vinteraktivetar (8)

  • vtem skitter

    Vinteraktivetar (7)

  • vtem skitter

    Vinteraktivetar (6)

  • vtem skitter

    Vinteraktivetar (5)

  • vtem skitter

    Vinteraktivetar (4)

  • vtem skitter

    Vinteraktivetar (3)

  • vtem skitter

    Vinteraktivetar (2)

  • vtem skitter

    Vinteraktivetar

Vinteraktivitetar

Myrkdalen er skistaden for heile familien!

Snørike Myrkdalen er ein ynda boltreplass for skientusiastar. Frå dei aller minste som leikar seg i barneområdet, til dei som likar velpreparerte løyper og urørt pudder.

Skisenteret har sju heisar og 15 løyper, skiskule og ei rekke aktivitetar for liten og stor. I tilknyting til skisenteret finn ein også preparerte langrennsløyper og eit fantastisk område for fjell- og toppturar. Splitter nye Myrkdalen Hotel ligg perfekt plassert ved foten av skisenteret. Bur du her, er du berre eit stavtak frå heisen!

Denne sesongen utvidar me nok ei gong tilbodet for dei minste med utbetra barneområde og ny skogsløype. Gjennom sesongen har me eit variert veke­tilbod for dei minste – frå barnepass og barnerenn, til spanande kurs og kveldsarrangement.For entusiastane som likar seg i nysnøen har me etablert eit eige treningsområde for bruk av sendar/mottakar. Banen finn ein ca 200 meter frå avstiginga på stolheisen – tast inn vanskegrada du ynskjer og du er i gang! Det er mange som har gått til innkjøp av utstyr, men hugs at det har veldig liten verdi om du ikkje veit korleis du brukar det. Vårt tips – innhent informasjon om skredfaren kvar dag, ta kloke val og tren på bruk av utstyr!

5.–10. mars var me stolt vertskap for VM i Freestyle. Nydeleg ver heile veka og heile verdselita på plass gjorde sitt til at arrangementet vart ein suksess!

Skiskule

Voss Fjellandsby Skiskule tilbyr alt av aktivitetar og opplæring på ski. Instruktørane er i alle aldrar, med ulik yrkesbakgrunn i tillegg til ei solid instruktørutdanning frå Den Norske Skiskole. Samansetninga av instruktørar er ung entusiasme blanda med lang og variert erfaring. Me legg vekt på at det skal vera moro på ski, enten du er ung eller ikkje fullt så ung. Våre privattimar vert spesielt tilrettelagt for kvar enkelt gjest. Me instruerer på alle nivå i alpint, park, langrenn, snowboard og telemark. I tillegg til tradisjonell skiundervisning tilbyr me ulike klinikkar, coaching og guida turar. Stikk innom for ein prat eller ta ein kikk på heimesida vår for meir informasjon.

Turgleder på ski

I områda rundt Myrkdalen finn du eit flott turterreng. Flotte turar som Bjørndalskamben og Finnbunuten passar best når vêret er fint og stabilt. Turar i Årmotslia og mot Revhaugen og Reppane er derimot veldig bra også dersom vêret ikkje er optimalt. Her kan ein også ta med seg pulk i preparerte løyper. For toppturentusiastar tilrår me boka "Toppturar i Vossafjell". Er du interessert i å prøva ein flott skitur frå Oppheim til Myrkdalen? Prøv å ta Oppheimsheisen og gå innover mot Myrkdalen. Dette er ein flott tur i preparerte løyper. Turen passar fint for familiar på tur der borna har litt erfaring frå før. Ta skibussen frå Myrkdalen til Oppheim.

FaLang translation system by Faboba