Ute i skibakken har Voss Fjellandsby gjort ein stor jobb for at også dei minste skiløparane skal ha det morosamt og læra seg å utfordra naturen. Barnebakkane ligg i sjølve basen av anlegget og vil du bestilla time på skiskulen, er det berre å seia i frå. Me tilbyr i tillegg barnepass på dagtid slik at mor og far kan boltra seg litt på eigenhand! I vekeprogrammet på side 26 finn du oversikt over dei mange aktivitetane me tilbyr dei yngste gjestene våre gjennom sesongen – frå barnerenn, jibbecamp, ulike klubbkonsept og sjølvsagt afterski.
På hotellet lagar me alltid mat som borna likar og etter ein god middag føreslår me ein tur til leikerommet Nobbe – eller til Sendo, spelerommet der borna kan ha det moro med Wii, Xbox og Playstation. Treng du barnevakt på kveldstid? Sei i frå før du kjem, så ordnar me det også.
Om sommaren tek du borna med til Myrkdalen hestesenter, til ein draumedag fullspekka med opplevingar på Voss eller på ein roleg fjordtur. Og sjølvsagt på fottur i det vakre nærområdet vårt!
På www.vossfjellandsby.no og i brosjyrene våre finn du full oversikt over vekeprogrammet vårt.